Nyheter


Noreg sin nye Jon Fosse?

Anders Løkeland Slåke vann nyss ein dramatikk-konkurranse med temaet “Ungt blikk mot verda”, i regi av Teatret Vårt, Bjørnsonfestivalen og Språkåret 2013, og vart ståande som hovudvinnar av tevlinga. No skal stykket hans synast fram på teateret i Molde den 13. februar.

Stykket hans, “Ventar framleis”, tek føre seg framtida og fortida til ein elev under ein elevsamtale. Det handlar om eksistensielle tema som krysspress, tidspress, forventningsjag og om kva me veit og ikkje veit om oss sjølve. I løpet av samtalen utforskar hovudpersonen seg sjølv og sitt forhold til andre, i framtid og fortid, og tek store steg i retninga mot målet om å finne seg sjølv.

Anders Løkeland Slåke var allereie medan han var elev på Solborg skuleåret 2012-13 ein habil skribent. Me hadde mange gleder av å fylgje han på bloggen og gjennom ymse tekstar han synte fram i ulike samanhengar. Han var manusforfattar til vinnaren av fjorårets beste skulefilm, fekk stor anerkjenning for ein artikkel frå Afrika som vart publisert og for ymse talar han haldt som leiar av elevrådet.

Her på Solborg er me heilt visse på at me har med Noregs nye Jon Fosse å gjera, og denne artikkelskrivaren er stolt over at hovudpersonen i teaterstykket ber same namn som han sjølv.

Foto: Geir Ertzgaard